1Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Joh 15,6
3Kan veden av det brukast til emne, eller kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på?
4Når veden vert nytta til brensel, så han vert brend i begge endane og svidd på midten, duger han då til emne?
5Nei, jamvel då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til emne. Kor mykje mindre når elden har brent han så han er svidd!
6Difor seier Herren Gud: Som eg gjer med vintreet mellom trea i skogen når eg nyttar det til brensel, så gjer eg med folket i Jerusalem,
7når eg vender meg mot dei. Dei har sloppe frå elden, men elden skal øyda dei. Og då, når eg vender meg mot dei, skal de sanna at eg er Herren.
8Eg gjer landet til ei audn fordi dei har vore trulause, lyder ordet frå Herren Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.