Job 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ljoset sloknar for den gudlause

1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2Kor lenge vil de velja så varsame ord?

Tenk dykk om, så skal vi talast ved!

3Kvifor skal vi reknast som fe?

Trur de at vi er ureine?

4Du som riv deg sund i vreide,

skal jorda øydast for di skuld

og fjellet flyttast frå sin stad?

5Ljoset sloknar for den gudlause,

det logar ingen eld på hans åre.

6Ljoset i teltet hans går ut,

og lampa sloknar for han.

7Hans sterke steg vert hindra,

han fell for sin eigen plan.

8Hans føter vert fanga i garnet,

og han går i nettet.

9Snara grip han om hælen,

rennelykkja held han fast.

10Garnet han går i, er løynt på jorda,

snara ligg på hans veg.

11Redsler skræmer på alle kantar,

dei jagar han kvar han set sin fot.

12Ulukka hungrar etter han,

undergang står ferdig attmed han.

13Hans hud tærest bort stykke for stykke,

ein drepande sjukdom et hans lemer.

14Han vert riven ut or sitt trygge telt;

du fører han bort til redselskongen.

15Andre kan bu i det teltet han åtte,

svovel vert strøytt på hans bustad.

16Nede i jorda turkar hans røter,

og ovantil visnar hans greiner.

17Hans minne kjem bort frå landet,

ingen nemner hans namn på gata.

18Dei støyter han frå ljoset og ut i mørkret,

dei jagar han ut or verda.

19Han har ikkje born,

ingen etterkomar i sitt folk;

der han budde, slapp ingen unna.

20Dei støkk til i vest når dei ser hans lagnad,

og i aust vert dei gripne av redsle.

21Ja, så går det med nidings bustad,

med heimen til den som ikkje kjenner Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help