2. Samuelsbok 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Sjeba gjer opprør

1No var det eit illmenne der som heitte Sjeba Bikrison og høyrde Benjamins-ætta til. Han bles i hornet og ropa:

«Vi har ingen del i David,

ingen lut i Isai-sonen.

Heim att, kvar til seg, Israel!»

2Då skilde alle israelittane lag med David og fylgde Sjeba Bikrison. Men judearane heldt seg til kongen sin og fylgde han frå Jordan til Jerusalem.

3Då David kom heim til Jerusalem, tok han dei ti fylgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei under vakt i eit hus for seg sjølve. Han sytte for det dei trong, men han låg ikkje med dei. Der sat dei innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer.

4Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!»

5Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett.

6Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba Bikrison til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg mennene mine og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss!»

7Så drog Abisjai ut med alle mennene til Joab, med livvakta og alle krigarane. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba Bikrison.

8Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit belte. Til beltet var det fest ei slire med sverd i. Det glei ut og datt ned.

9Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok med høgre handa kring skjegget hans som om han ville kyssa han.

10Men Amasa tok seg ikkje i vare for sverdet som Joab hadde i den andre handa. Joab stakk han i magen, så innvolen rann ut på marka, og han døydde straks av det eine stikket.

Så sette Joab og Abisjai, bror hans, etter Sjeba Bikrison.

15Så kom Joab og Abisjai og kringsette han i Abel-Bet-Ma'aka. Dei kasta opp ein voll, som nådde bort til den ytre bymuren. Og heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla.

16Då var det ei klok kone som ropa frå byen: «Høyr her! Høyr her! Bed Joab koma nærare, så eg får tala med han.»

17Då gjekk han bort til henne, og kona spurde: «Er du Joab?» «Ja,» svara han. Ho sa til han: «Høyr kva tenestkvinna di har å seia.» «Eg høyrer,» svara han.

18Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord.

19Vi er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by, ei mor i Israel. Kvifor vil du øyda Herrens eigedom?»

20Joab svara: «Nei, eg vil på ingen måte øyda eller herja.

21Det har seg ikkje så. Men ein mann frå Efraims-fjella, som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kona: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.»

22Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.

Embetsmennene til David

23Joab var hovding over heile Israels-hæren, og Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta. 8,15ff

24Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.

25Sjeja var riksskrivar, og Sadok og Abjatar var prestar.

26Ira av Ja'ir-ætta var òg prest hjå David.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help