1Same året, i den fyrste tida etter at Sidkia hadde vorte konge i Juda, i det fjerde året, i den femte månaden, tala Hananja Assursson, profeten frå Gibeon, til meg i Herrens hus, medan prestane og alt folket høyrde på. Han sa:
2Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Eg bryt sund babylonarkongens åk.
3Før to år er lidne, fører eg attende til denne staden alle dei kar frå Herrens hus som Nebukadnesar, kongen i Babylonia, tok med seg herifrå til Babylon.
5Då svara profeten Jeremia profeten Hananja, medan prestane og alt folket som stod i Herrens hus, høyrde på:
6«Ja, sanneleg, gjev Herren må gjera dette! Gjev Herren må setja i verk det du har spått og la tempelkara og alle dei bortførte koma attende til denne staden frå Babylonia.
7Men høyr no dette ordet som eg talar til deg og til alt folket.
8Dei profetane som steig fram før deg og meg, heilt frå gamle dagar, spådde krig og ulukke og pest for mektige land og store rike.
9Men når ein profet spår fred og lukke, og det går som han har sagt, då kan ein vita at han i sanning er send av Herren.»
10Då tok profeten Hananja åket av nakken på Jeremia og braut det sund.
15Då sa profeten Jeremia til profeten Hananja: «Høyr, Hananja! Herren har ikkje sendt deg. Og du har fått dette folket til å lita på lygn. 14,14+
16Difor seier Herren: No sender eg deg, men bort frå jorda. Alt i år skal du døy, fordi du forkynte fråfall frå Herren.» 5 Mos 13,6; Jer 29,31ff
17Og profeten Hananja døydde same året, i den sjuande månaden.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.