1Sønene til Juda var Peres, Hesron, Karmi, Hur og Sjobal.
5Asjkur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Na'ara.
6Med Na'ara fekk han sønene Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari. Dette var sønene til Na'ara.
7Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos.
8Kos vart far til Anub, Hassobeba og til ættene åt Aharkel, son til Harum.
9Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For med verk og vande har eg født han,» sa ho.
10Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og stø meg med di hand! Å, om du ville laga det så at eg slepp unna ulukke og liding!» Og Gud lét det gå som han bad.
11Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton.
12Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseak og Tehinna, han som vart far til Ir-Nakasj. Dette var mennene frå Reka.
13Sønene til Kenas var Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.
14Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til folket i Tømmermannsdalen; dei var tømmermenn.
15Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Na'am, og son til Ela var Kenas.
16Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.
17Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbak, far til Esjtemoa.
18Mered hadde ei kone frå Juda; ho fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Mered fekk òg born med Bitja, dotter til farao, som han hadde gift seg med.
19Kona til Hodia, som var syster hans Naham, hadde desse sønene: far til Ke'ila frå Garem og Esjtemoa frå Ma'aka.
20Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.
21Etterkomarane etter Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei ættene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea,
22Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde hatt eigedomar i Moab, men var komne heim att til Betlehem – etter gamle segner.
23Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta'im og Gedera. Der heldt dei til hjå kongen og var i teneste hjå han.
Simeons-ætta24Sønene til Simeon var Nemuel, Jamin, Jarib, Serah og Saul.
42Sidan drog fem hundre av Simeons-sønene til Se'ir-fjella. Leiarar på ferda var Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji.
43Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har butt der til denne dag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.