1Ein song til festferdene. Av David.
Eg er glad når dei seier til meg:
«Vi vil gå til Herrens hus.»
2No har vi sett våre føter
i dine portar, Jerusalem.
3Jerusalem, du velbygde by,
som ligg der samla og samanbunden!
4Dit fer ættene opp,
ættene som høyrer Herren til.
Det er ei lov for Israel
at dei skal prisa Herrens namn der.
5Ja, der er domarsete reiste,
troner for Davids hus.
6Bed om fred for Jerusalem!
Gjev dei som elskar deg, må leva trygt!
7Gjev fred får råda bak dine murar
og tryggleik i dine borger!
8For mine brør og frendar skuld
seier eg: «Fred over deg!»
9Fordi Herren vår Gud har sitt hus i deg,
bed eg at det må gå deg vel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.