1Av David. Ein læresalme.
Sæl er den
som får si misgjerning tilgjeven
og si synd tildekt!
2Sælt er det menneske
som Herren ikkje tilreknar skuld,
og som er utan svik i si ånd.
3Så lenge eg tagde, tærtest eg bort,
eg stunde heile dagen.
4For dag og natt
låg di hand tungt på meg.
Mi livskraft kvarv
som i sommarens hete. Sela
5Då sanna eg mi synd for deg
og dulde ikkje mi skuld.
Eg sa: «Eg vil sanna
mine synder for Herren.»
Og du tok bort mi syndeskuld. Sela
6Difor skal alle trugne
be til deg i trengselstider.
Om det kjem ein veldig flaum,
skal vatnet ikkje nå dei.
7Hjå deg finn eg livd,
du vernar meg mot trengsle
og lèt frelsesjubel lyda ikring meg. Sela
8Eg vil læra deg og visa deg
den vegen du skal gå.
Eg vil la mitt auga kvila på deg
og gje deg råd.
9Ver ikkje lik hest og muldyr,
som ikkje har vit!
I sin villskap må dei tvingast med taum og beisel,
elles kjem dei ikkje til deg.
10Den gudlause har mange plager;
men den som set si lit til Herren,
kransar han med miskunn.
11Gled dykk i Herren!
Bryt ut i jubel, de rettferdige!
Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.