Jesaja 43 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Israels utløysing

1Og no, så seier Herren,

han som skapte deg, Jakob,

og laga deg, Israel:

Ver ikkje redd!

Eg har løyst deg ut

og kalla deg ved namn, du er min.

2Går du gjennom vatn, er eg med deg,

gjennom elvar, skal dei ikkje riva deg bort.

Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg,

og logen skal ikkje brenna deg.

3For eg er Herren din Gud,

Israels Heilage, din frelsar.

Eg gjev Egypt til løysepeng for deg,

Nubia og Seba i staden for deg.

4Fordi du er dyr i mine augo,

høgt akta og elska av meg,

gjev eg menneske i staden for deg,

folkeslag for ditt liv.

5Ver ikkje redd, for eg er med deg!

Austanfrå vil eg henta di ætt,

og vestanfrå vil eg samla deg.

6Eg seier til nordheimen:

«Kom med dei!»

og til sørheimen:

«Hald dei ikkje att!»

Henta sønene mine langt bortanfrå

og døtrene mine frå heimsens ende,

7alle som er kalla med mitt namn,

alle dei eg har skapt,

ja, skapt og gjort til mi ære. Einast Herren er Gud og frelsar

8Før fram dette folket,

eit folk som har augo, men ikkje ser,

og øyro, men ikkje høyrer.

9Lat alle folka samla seg

og alle folkeslag møta!

Kven av dei kan kunngjera slikt

og seia oss det som før har hendt?

Lat dei føra fram vitne, så dei kan få rett!

Lat dei høyra på og seia: «Det er sant!»

10Men de er mine vitne, seier Herren,

og min tenar, som eg har valt ut,

så de skal kjenna meg og tru på meg

og skjøna at eg er Gud.

Før meg var ingen gud til,

og etter meg skal det ingen koma.

11Eg, ja eg er Herren,

og utan meg finst det ingen frelsar.

12Det er eg som har kunngjort dette,

eg har frelst og gjort det kjent;

ingen framand gud har gjort det.

De er mine vitne, seier Herren.

Eg er Gud,

13og det er eg frå æve av.

Ingen kan riva ut or mi hand.

Det eg gjer, kan ingen gjera ugjort. Babylon fell

14Så seier Herren,

dykkar utløysar, Israels Heilage:

For dykkar skuld sender eg bod til Babylon

og bryt ned alle bommane der;

då vert kaldearjubelen til klageskrik.

15Eg er Herren, dykkar Heilage,

Israels skapar, dykkar konge. Sjå, eg skaper noko nytt

16Så seier Herren,

han som gjorde veg gjennom sjøen,

ein stig i det veldige vatnet,

17som førte hestar og vogner,

hær og hovdingar uti.

Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,

dei slokna som ein veik.

18Tenk ikkje på det som hende før,

gjev ikkje akt på det som eingong var!

19Sjå, eg skaper noko nytt.

No gror det fram.

Merkar de det ikkje?

Ja, eg legg veg i øydemarka

og stigar i den aude hei.

20Dyra på marka skal æra meg,

både sjakalar og strutsar.

For eg gjev vatn i øydemarka,

lèt elvar renna i den aude hei,

så mitt utvalde folk kan få drikka.

21Det folket eg har skapt meg,

skal forkynna min pris.

22Men på meg har du ikkje kalla, Jakob,

du har ikkje gjort deg bry for meg, Israel.

23Du har ikkje bore fram for meg brennofferlam

og ikkje æra meg med slaktoffer.

Eg har ikkje plaga deg med offergåver

og ikkje trøytta deg med røykjelse.

24Du har ikkje kjøpt meg krydder for sølv

og ikkje metta meg med offerfeitt.

Du har berre plaga meg med dine synder

og trøytta meg med dine misgjerningar.

25Eg, ja eg er den som slettar ut

dine misgjerningar for mi skuld,

og dine synder kjem eg ikkje i hug.

26Stemn meg!

Lat oss saman gå for retten!

Legg fram di sak, så du kan få rett!

27Den fyrste far din synda,

og dine talsmenn sette seg opp mot meg.

28Så laut eg vanæra heilage hovdingar,

lysa Jakob i bann

og gje Israel til spott.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help