Jesaja 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Varsel om nederlag for Egypt og Nubia

1Sargon, kongen i Assyria, sende hærføraren sin av stad, og då han kom til Asjdod, stridde han mot byen og tok han.

3Då sa Herren: «Liksom Jesaja, tenaren min, har gått naken og berrføtt i tre år, til teikn og varsel mot Egypt og Nubia, 8,1–4; Jer 13,1ff; Esek 12,1ff

4såleis skal assyrarkongen driva med seg krigsfangane frå Egypt og dei bortførte frå Nubia, både unge og gamle – nakne og berrføtte og med berr bak – til vanære for Egypt.

5Då skal folk verta forfærde og skjemmast over Nubia som dei sette si von til, og over Egypt som dei var så stolte av.» 30,2ff; 36,6

6Den dagen skal dei som bur på desse strendene, seia: «Sjå, såleis har det gått med dei som vi sette vår von til og flydde til etter hjelp, så vi kunne bergast frå assyrarkongen. Korleis skal vi då koma unna?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help