1I det niande året Sidkia var konge i Juda, i den tiande månaden, kom Nebukadnesar, kongen i Babylonia, til Jerusalem med heile hæren sin og kringsette byen.
4Då Sidkia, Juda-kongen, og alle stridsmennene hans fekk auga på dei, rømde dei. Dei tok ut frå byen om natta og la vegen gjennom kongshagen, ut porten mellom dei to murane, og fór bortover mot Jordan-dalen.
6Babylonarkongen drap sønene til Sidkia der, medan faren såg på. Sameleis drap han alle stormennene i Juda.
7Så lét han Sidkia blinda og batt han med bronselekkjer; han skulle førast til Babylon.
8Kaldearane brende både kongsgarden og dei andre husa, og murane kring Jerusalem reiv dei ned.
9Nebusaradan, hovdingen over livvakta, tok dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket og førte dei bort til Babylonia.
10Berre ein del småkårsfolk, som ingenting åtte, lét han vera att i Juda, og samstundes gav han dei vingardar og åkrar.
11Om Jeremia gav babylonarkongen Nebukadnesar dette påbodet til Nebusaradan, hovdingen over livvakta:
12«Ta han og ha tilsyn med han, men gjer han ikkje noko vondt. Berre det han sjølv bed om, skal du gjera med han.» Guds lovnad til Ebed-Melek
15Medan Jeremia sat fengsla i vaktgarden, kom Herrens ord til han, og det lydde så:
16Gå og sei til nubiaren Ebed-Melek: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Det eg har varsla, lèt eg no koma over denne byen, til ulukke og ikkje til gagn. Det skal henda beint framfor augo på deg den dagen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.