4. Mosebok 35 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Levittane får byar og beitemarker

1Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, og sa:

2Sei til israelittane at dei av den eigedomen dei har fått, skal gje levittane byar å bu i. Og dei skal la dei få beitemarker kring desse byane.

3Byane skal dei ha til å bu i, og markene som høyrer til, skal vera til beite for buskapen deira, for alle dyra dei eig.

4Dei markene de gjev levittane utanfor byane, skal nå tusen alner ut frå bymuren på alle kantar.

5Utanfor byen skal de mæla opp to tusen alner på austsida, to tusen alner på sørsida, to tusen alner på vestsida og to tusen alner på nordsida, så byen ligg midt imellom. Det skal vera bymarkene deira.

6Dei byane som de lèt levittane få, skal vera dei seks fristadene de set av så drapsmenn kan røma dit, og dessutan skal de gje dei førtito andre byar. Lov om drapsmenn og fristader

9Herren sa til Moses:

10Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan,

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help