2. Kongebok 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Juda-kongane Manasse og Amon

1Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Mor hans heitte Hefsiba.

7Asjera-biletet som Manasse hadde laga, sette han opp i det huset Herren hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset, i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.

17Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. 2 Krøn 33,18ff

18Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

19Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba. 2 Krøn 33,21ff

20Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans.

21Han fór i alle måtar så fram som far hans hadde gjort. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.

22Han gjekk bort frå Herren, sine fedrars Gud, og ferdast ikkje på Herrens veg.

23Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus.

24Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.

25Det som elles er å seia om Amon og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

26Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help