1Høyr dette ordet, de Basan-kyr
som bur på Samaria-fjellet!
De trælkar småkårsfolk
og knuser dei fattige.
De seier til mennene dykkar:
«Kom med vin, så vi får drikka!»
2Herren Gud har svore ved sin heilagdom:
Sjå, dagar kjem over dykk
då de skal slepast bort med hakar
og dei siste av dykk med fiskekrokar.
3Ut gjennom murrivner skal de fara,
den eine etter den andre.
De skal drivast bort til Hermon,
lyder ordet frå Herren.
Så vil de ha det4Kom til Betel og synda,
til Gilgal og synda til gagns!
Ber fram slaktoffer om morgonen
og tiender den tredje dagen!
5Lat røyken av syrt brød
stiga opp som takkoffer,
lys ut friviljug offer, gjer det kjent!
For så vil de ha det, de Israels søner,
lyder ordet frå Herren Gud. Bu deg til å møta din Gud!
6Eg lét dykk gå med tom munn
i alle byane dykkar
og lét dykk vera utan brød
alle stader der de budde.
Men de vende ikkje om til meg,
lyder ordet frå Herren.
7Eg heldt regnet att for dykk
då det endå var tre månader til hausten.
Eg lét det regna over éin by,
men ikkje over ein annan.
Eitt jordstykke fekk regn,
eit anna fekk ikkje og turka ut.
8Frå to, tre byar raga dei av stad
til same by, ville drikka vatn,
og fekk ikkje sløkkja torsten.
Men de vende ikkje om til meg,
lyder ordet frå Herren.
9Eg slo dykk med kornbrann og rust,
eg turka ut hagane og vingardane dykkar,
og grashopper åt opp fikentre og oliventre.
Men de vende ikkje om til meg,
lyder ordet frå Herren.
10Eg sende pest mellom dykk som i Egypt.
Eg drap dykkar unggutar med sverd,
og hestane gav eg til hærfang.
Eg lét teven frå krigsleiren
stiga opp i nasen på dykk.
Men de vende ikkje om til meg,
lyder ordet frå Herren.
11Eg sende øyding over dykk,
som då Gud la Sodoma og Gomorra i grus;
de var som ein brand, riven ut or elden.
Men de vende ikkje om til meg,
lyder ordet frå Herren.
12Difor vil eg gjera så med deg, Israel!
Og fordi eg vil gjera det,
så bu deg, Israel, til å møta din Gud!
13Sjå, han som lagar fjella og skaper vinden,
som gjer mennesket kjent med sine tankar,
han som gjer morgonroden til mørker
og fer fram over høgdene på jorda
– Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.