1Då sa Elisja: «Høyr Herrens ord! Så seier Herren: I morgon på denne tid skal dei selja ein sea kveitemjøl for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel på torget i Samaria.»
2Men våpensveinen som kongen stødde seg til, sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne då ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»
3Fire menn som leid av hudsjukdom, heldt til utmed byporten. Dei sa seg imellom: «Kvifor skal vi sitja her til vi døyr? 3 Mos 13,46
4Seier vi at vi vil gå inn i byen, må vi døy; for det er hungersnaud der. Og vert vi sitjande her, må vi òg døy. Kom, lat oss gå over til leiren åt aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, får vi døy.»
5I skumringa tok dei av stad og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der.
6For Herren hadde laga det så at aramearane høyrde larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei seg imellom: «Du skal sjå at Israels-kongen har leigt hetittkongane og egyptarkongane til å strida mot oss!» 19,7
7Så tok dei ut og rømde i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren som han stod, og rømde på harde livet.
8Då mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei attende og gjekk inn i eit anna telt. Der òg tok dei det som var, og gjekk bort og gøymde det.
9Men så sa dei seg imellom: «Det er ikkje rett det vi no gjer. Dette er dagen då vi kan bera gledebod. Teier vi og dryer til det ljosnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og seia frå i kongsgarden!»
10Så gjekk dei og ropa på vakta i byporten. «Vi kom til leiren åt aramearane,» fortalde dei, «og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.»
11Portvaktarane kunngjorde dette, og det vart meldt i kongsgarden.
12Då stod kongen opp midt på natta og sa til mennene sine: «Eg skal seia dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg utpå marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut or byen, tek vi dei levande, og så kan vi trengja inn i byen.»
13Men ein av kongsmennene svara: «Lat nokre av folka dine ta fem av dei hestane som er att i byen. Vi sender dei av stad, så får vi sjå. Det kan ikkje gå dei verre enn alle israelittane som er att i byen, eller alle israelittane som har sett livet til.»
14Så henta dei to ryttarar, som kongen sende av stad etter aramearhæren. «Far i veg og sjå!» sa han.
15Dei fylgde etter aramearane radt til Jordan, og heile vegen låg det fullt av klede og våpen som aramearane hadde kasta frå seg då dei rømde. Sendeboda kom att og sa frå om dette til kongen.
16No drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea kveitemjøl vart seld for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel.
17Kongen hadde sett den våpensveinen som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han. 7,2
18Då sa han til kongen: «I morgon på denne tid skal dei selja to sea byggmjøl for ein sekel og ein sea kveitemjøl for ein sekel på torget i Samaria.»
19Då tok våpensveinen til ords og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Men gudsmannen svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»
20Og såleis gjekk det. Folket trakka han i hel i porten.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.