1Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til.
13Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.
16Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.
17Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!»
18Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. Faderen og Sonen(Matt 11,25–27; 13,16–17)
21I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje.
23Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser!
24For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»Den miskunnsame samaritanen
25Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?»
31No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk framom.
32Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk framom.
33Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han.
34Han gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han.
35Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Syt vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende.»
36Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane?
37«Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du av og gjer like eins.»
Jesus hjå Marta og Maria38Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.