1I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til.
2Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør.
3Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.
4Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta.
5Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!»
6Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt.
9Så såg eg:
Tronstolar vart sette fram,
og ein som var gamal av dagar, tok sete.
Hans klednad var snøkvit
og håret på hovudet hans som rein ull.
Hans trone var eldslogar
og hjula under brennande eld.
10Ei elv av eld strøymde fram,
og ho gjekk ut framføre han.
Tusen på tusen tente han,
titusen på titusen stod framføre han.
Retten vart sett, og bøker vart opna.
11Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast.
14Han fekk herredøme, ære og rike;
folk og ætter med ulike språk,
alle folkeslag skal tena han.
Hans velde er eit evig velde,
det skal ikkje forgå;
hans rike går aldri til grunne.
15Då kjende eg, Daniel, meg uroleg i hugen; synene eg hadde hatt, skræmde meg.
19Då ynskte eg å få vita kva meininga var med det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skræmeleg dyr med tenner av jern og klør av kopar. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene.
20Like eins ynskte eg å få greie på dei ti horna det hadde på hovudet, og det nye hornet som skaut opp og fekk tre av dei andre til å falla av. Dette hornet hadde augo og ein munn som tala store ord, og var større å sjå til enn dei andre.
21Eg såg at dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.