1Ve dei som fer ned til Egypt etter hjelp
og set si lit til hestar,
som stolar på vogner fordi dei er mange,
og på hestfolk fordi dei er sterke,
men ikkje vender seg til Israels Heilage
og ikkje søkjer råd hjå Herren.
2Men han òg er vis og lèt ulukka koma,
sine ord tek han ikkje att.
Han reiser seg mot flokken av dei som gjer vondt,
mot ugjerningsmenn som kjem med hjelp.
3Egyptarane er menneske og ikkje Gud,
deira hestar er kjøt og ikkje ånd.
Når Herren retter ut si hand,
skal hjelparen snåva,
og den som har fått hjelp, falla;
og alle skal dei gå til grunne.
4For så har Herren sagt til meg:
Liksom løva, den unge løva,
knurrar over sitt rov
og ikkje vert skræmd av gjætarars rop
eller dukkar seg ned når dei bråkar,
om heile flokken samlar seg mot henne,
såleis skal Herren, Allhærs Gud,
stiga ned og strida
på Sions fjell og haug.
5Liksom fuglane breier ut sine venger,
skal Herren, Allhærs Gud,
verna om Jerusalem.
Han skal verna og berga,
skåna og fria ut.
6Vend om, de Israels søner,
til han de fall så djupt ifrå!
7Den dagen skal de alle kasta frå dykk
avgudane av sølv og gull,
som de sjølve har laga – til synd.
8Assur skal falla for eit sverd
som ikkje vert svinga av menneske;
det sverdet som gjer ende på han,
er det ikkje ein mann som lyfter.
Han skal røma for sverdet,
og hans unge stridsmenn
skal setjast til tvangsarbeid.
9Hans berg skal dra bort i redsle,
hans hovdingar røma frå fana.
Så lyder ordet frå Herren,
som har ein eld i Sion,
ein omn i Jerusalem.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.