1Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.
2Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»Trengslene tek til(Mark 13,3–13; Luk 21,7–19)
3Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»
4Jesus tok til ords og sa:
Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt!
5For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor. Den store trengsla(Mark 13,14–20; Luk 21,20–24)
15Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –
16då må dei som er i Judea, røma til fjells;
17den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;
29Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. Lær av fikentreet!(Mark 13,28–32; Luk 21,29–33)
32Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
33Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra.
34Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. Ver budde når Herren kjem!(Luk 17,26–27.34–35; 12,39–46)
37Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.