Josva 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Slaget ved Merom-elva

1Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongane i Sjimron og Aksjaf

2og til dei andre kongane der nord, både i fjellbygdene og i Jordan-dalen sør for Kinneret, i låglandet og på Dor-høgdene utmed havet.

3Han sende bod til kanaanearane både i aust og i vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellbygdene og hevittane nedunder Hermon, i Mispa-landet.

4Då tok dei ut med hærane sine, ein flokk så talrik som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i stor mengd.

5Alle desse kongane kom saman og fór til Merom-elva. Der slo dei leir og ville gå til strid mot Israel.

6Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid legg eg dei alle drepne framfor israelittane. Du skal skjera av hasane på hestane deira og brenna vognene deira.»

9Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar av hasane på hestane deira og brende vognene deira.

Josva tek landet i nord

10Med så gjort snudde Josva om, tok Hasor og hogg ned kongen der. Hasor var før i tida det fremste av alle desse rika.

11Han bannstøytte byen og øydde ut kvart liv som fanst der. Det vart ikkje att ei levande sjel. Og Hasor brende han.

12Sidan tok han alle dei andre kongsbyane, og kongane hogg han ned med sverd. Han bannstøytte dei, så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre. Israelittane legg under seg heile landet

16Såleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene, heile Negev og Gosen-landet, Sjefela og Jordan-dalen, fjell-landet i Israel og låglandet der,

21På den tid drog Josva opp i fjellbygdene og rudde ut anakittane i Hebron, Debir, Anab og alle dei andre fjellbygdene i Juda og Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira. 5 Mos 1,28

22Det vart ikkje mange anakittar att i Israels-landet. Berre dei som budde i Gasa, Gat og Asjdod, fekk leva.

23Så tok Josva heile landet, så som Herren hadde sagt til Moses. Og han lét israelittane få det til odel og eige; kvar ætt fekk sin del.

Og landet fekk ro etter ufreden.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help