Salmane 50 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Det rette offeret

1Ein Asaf-salme.

Herren, Gud over gudar, talar,

han kallar på jorda frå aust til vest.

2Frå Sion, den fagraste krona,

strålar Gud fram.

3Vår Gud kjem, han teier ikkje.

Framfor han går ein øydande eld,

ikring han stormar det sterkt.

4Han kallar på himmelen der oppe

og på jorda; for han vil døma sitt folk.

5«Samla dykk hjå meg, mine trugne,

de som med offer

har gjort pakt med meg.»

6Himmelen forkynner hans rettferd;

for det er Gud som dømer. Sela

7Høyr, mitt folk, for eg vil tala,

Israel, eg vil vitna imot deg.

Eg er Herren din Gud.

8Eg refser deg ikkje for dine slaktoffer,

dine brennoffer har eg støtt for auga.

9Men eg tek ikkje oksar frå ditt hus

eller bukkar frå dine kveer.

10For mine er alle dyr i skogen

og villdyra på dei tusen fjell.

11Eg kjenner alle fuglar under himmelen,

og krypet på marka høyrer meg til.

12Var eg svolten, bad eg ikkje deg om noko;

for eg eig jorda og det som fyller henne.

13Skulle eg eta kjøt av oksar

og drikka blod av bukkar?

14Ber ditt takkoffer fram for Gud,

gjev Den Høgste det du har lova!

15Kall på meg den dag du er i naud,

så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.

16Men til den gudlause seier Gud:

Kva har du med å forkynna mine bod

og ta mi pakt i din munn,

17du som ikkje vil vita av tukt

og kastar mine ord bak din rygg?

18Ser du ein tjuv, slår du fylgje med han,

med ekteskapsbrytarar held du lag.

19Du slepper vondskap ut or munnen,

med tunga spinn du svik.

20Du sit og talar imot bror din

og snakkar vondt om son til mor di.

21Det har du gjort – og eg skulle teia?

Meiner du at eg er som du?

Nei, eg vil refsa deg

og halda det fram for deg.

22Gjev akt på dette,

de som gløymer Gud!

Elles riv eg dykk sund,

og ingen bergar.

23Den som ber fram takkoffer, ærar meg,

og den som går den rette vegen,

skal få sjå Guds frelse.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help