1Gløym ikkje det eg har lært deg, son min,
ta vare på mine bod i ditt hjarta!
2For dei gjev deg mange dagar og år
og gjer di lukke større.
3Lat aldri godleik og truskap fara,
men bind dei om din hals,
og skriv dei på di hjartetavle!
4Då får Gud og menneske godvilje for deg
og held deg for ein vitug mann.
5Lit på Herren av heile ditt hjarta,
og set ikkje lit til ditt vit!
6Tenk på han kvar du ferdast,
så gjer han dine stigar jamne.
7Ver ikkje klok i eigne augo,
ha age for Herren,
og hald deg frå det som er vondt!
8Det vert til helsebot for kroppen
og gjev deg kraft i merg og bein.
9Æra Herren med det du eig,
med fyrstegrøda av all di avling.
10Då vert di matbu rikeleg fylt,
og druesafta renn over i kummane dine.
11Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,
miss ikkje motet når han refser!
12For Herren tuktar den han elskar,
som ein far refser den son han har kjær. Sæl er den som finn visdom
13Sæl er den som finn visdom,
det menneske som vinn godt skjøn.
14Det er betre å få seg visdom enn sølv,
den vinning han gjev, er større enn gull.
15Dyrare er han enn perler,
av alle dine skattar er ingen som den.
16I si høgre hand har han langt liv,
i si venstre rikdom og ære.
17På visdoms vegar er det ein hugnad å fara,
alle hans stigar fører til fred.
18Han er eit livsens tre for alle som grip han,
sæle er dei som held fast på han.
19Herren grunnla jorda med visdom
og reiste himmelen med skjøn.
20Med kunnskap lét han vatnet i havdjupet fossa fram
og dogga drypa frå skyene.
21Ta vare på klokskap og omtanke,
og slepp dei ikkje or syne, son!
22Då skal dei vera til liv for deg,
ei fager kjede om halsen din.
23Då kan du vandra trygt på din veg
og ikkje støyta foten mot noko.
24Du er ikkje redd når du går til ro,
når du har lagt deg, søv du så godt.
25Du treng ikkje reddast for støkk,
for stormen som kjem over dei vonde.
26For du kan setja di lit til Herren,
han vaktar din fot så du ikkje går i snara.
Gjer vel mot din neste!27Gjer vel mot dei som treng det,
nekta ikkje å hjelpa når det står i di makt!
28Sei ikkje til din neste: «Gå din veg,
og kom att i morgon, så skal du få!»
– så sant du har noko å gje han no.
29Legg ikkje vonde planar mot din neste
som bur hjå deg og kjenner seg trygg.
30Tretta ikkje med ein mann utan grunn,
når han ikkje har gjort deg noko vondt.
31Misunn ikkje den som brukar vald,
vel ikkje å fylgja i hans fotefar!
32Den som fer vilt, er ein styggedom for Herren,
men med dei ærlege har han samfunn.
33Herren forbannar huset åt dei gudlause,
men heimen åt dei rettferdige velsignar han.
34Spottarar svarar han med spott,
men dei audmjuke gjev han nåde.
35Vise menn vinn ære,
men dårar får stor skam.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.