Matteus 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Menneskebod og Guds bod(Mark 7,1–23)

1Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:

2«Kvifor bryt læresveinane dine dei føresegnene vi har overteke frå dei gamle? Dei vaskar ikkje hendene før dei et.»

6han treng ikkje æra far sin eller mor si. Såleis har de gjort Guds bod om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke.

7De hyklarar! Jesaja spådde rett om dykk då han sa:

8Dette folket ærar meg med lippene,

men hjarta deira er langt borte frå meg.

9Dei dyrkar meg fåfengt,

for det dei lærer, er menneskebod.»

10Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr dette og skjøna det:

11Det som kjem inn i munnen, gjer ikkje eit menneske ureint. Men det som går ut or munnen, det gjer mennesket ureint.»

12Då gjekk læresveinane fram og sa til han: «Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde dette?»

13Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot.

14Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»

15Då tok Peter til ords og sa: «Forklar denne likninga for oss!»

16«Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.

23Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Gjer deg ferdig med henne; ho ropar etter oss.»

24Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels-folket.» Mange vert lækte

29Jesus drog no lenger og kom til Galilea-sjøen; han gjekk opp i fjellet og sette seg der. Jesus mettar fire tusen(Mark 8,1–10)

32Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. La dei fara svoltne heim vil eg ikkje, for då kunne dei verta reint utmødde på vegen.» 14,14ff

33Læresveinane svara: «Kvar kan vi få brød frå her i øydemarka til å metta så mykje folk?»

34«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei, «og nokre småfiskar.»

35Då bad han folket setja seg på marka.

36Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket.

37Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var til overs, og fylte sju korger.

38Dei som hadde ete, var fire tusen menn, forutan kvinner og born.

39Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til grendene ved Magadan.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help