Matteus 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kven er den største?(Mark 9,33–37; Luk 9,46–48)

1I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» Sauen som villa seg bort(Luk 15,3–7)

12Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt? Kyrkjelyden har ansvar for ein bror som syndar(Luk 17,3)

15Syndar bror din, så gå til han og tal han til rettes på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din.

18Sanneleg, det seier eg dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen. Den hardhjarta tenaren

21Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?»

28Då tenaren kom ut, møtte han ein av dei andre tenarane som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: Kom med det du er skuldig!

29Den andre fall ned for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det.

30Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til skulda var betalt.

31Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei sorgfulle; dei gjekk til herren sin og fortalde han alt i hop.

32Då kalla herren han for seg att og sa til han: Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det.

33Skulle ikkje du òg ha vore mild imot medtenaren din, som eg var mild imot deg?

34Og herren vart harm og overgav tenaren til harde fangevaktarar, til dess han hadde betalt heile skulda.

35Såleis skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjarta tilgjev bror sin.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help