1. Samuelsbok 13 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Krig med filistarane

1Saul var tretti år gamal då han vart konge, og han var konge over Israel i to år.

2Saul valde seg ut tre tusen mann av Israel. Av dei hadde han to tusen hjå seg ved Mikmas og i Betel-heiane, og eitt tusen var med Jonatan ved Gibea i Benjamin. Resten av folket sende han heim att.

3Jonatan slo i hel vaktpostane åt filistarane i Gibea. Då filistarane fekk melding om det, sa dei: «Hebrearane har gjort opprør.» Men Saul lét hornet ljoma over heile landet.

4Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege i hel vaktpostane åt filistarane, og at filistarane hadde vorte hatige på israelittane. Då vart folket kalla ut; dei skulle fylgja Saul til Gilgal.

5Filistarane samla seg til strid mot Israel; dei hadde tre tusen vogner og seks tusen hestfolk, og fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei kom og slo leir ved Mikmas, midt for Bet-Aven.

6Då no israelittane såg kva fare dei var i fordi fiendehæren trengde på, gøymde folket seg i holer, hellerar og bergskorter, i kjellarar og brunnar.

7Nokre av dei rømde over Jordan til Gad- og Gilead-landet.

Saul var framleis i Gilgal, og alt folket fylgde han, skjelvande av redsle.

8Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul.

9Då sa han: «Kom hit med brennofferet og måltidsofferet!» Så bar han fram brennofferet.

10Men då han det hadde gjort, kom Samuel. Saul gjekk til møtes med han og ville helsa han velkomen.

11Men Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket tok til å spreia seg og gå frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistarane samla seg ved Mikmas.

12Då tenkte eg: No kjem filistarane ned til Gilgal og tek på meg før eg har fått be Herren om velvilje. Så våga eg meg til å bera fram brennofferet.»

13Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde deg etter det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider.

14Men no skal kongedømet ditt ikkje stå ved lag. Herren har leita seg ut ein mann etter sitt hjarta. Og han har Herren kalla til fyrste over folket sitt. For du har ikkje halde deg etter det Herren baud deg.»

18eitt stemnde mot Bet-Horon og eitt mot den bygda som ligg ovanfor Hyenedalen, bort imot øydemarka.

19Den gongen fanst det ikkje ein smed i heile Israel. For filistarane ville ikkje at hebrearane skulle laga seg sverd og spyd. Dom 5,8

20Difor laut kvar israelitt fara ned til filistarane når han skulle ha kvesst eit plogjern eller eit plogskjer, ei øks eller ein sigd.

21Prisen var to tredjedels sekel for plogjern og plogskjer og ein tredjedels sekel for høygaflar og øksar og for å få sett jernpigg på ein stav.

22Såleis hadde det seg at den dagen slaget stod, fanst det korkje sverd eller spyd hjå nokon av dei som fylgde Saul og Jonatan. Berre Saul og Jonatan, son hans, hadde slike våpen.

23Filistarane lét ein forpost rykkja fram til Mikmas-skaret.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help