5. Mosebok 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Sigeren over kong Og

1Så tok vi ei anna lei og fór oppover på vegen til Basan. Ved Edre'i kom Og, kongen i Basan, med heile hæren sin og ville strida mot oss. Austjordan-landet vert skift mellom ættene

12Då vi tok dette landet, gav eg bygdene frå Aroer ved Arnon-dalen og halvparten av fjell-landet i Gilead med byane der til Rubens-ætta og Gads-ætta.

18Då sa eg til dykk: «Herren dykkar Gud har late dykk ta dette landet i eige. Bu dykk no, alle våpenføre menn, og far føre brørne dykkar, israelittane! Moses får ikkje koma inn i landet

23Den gongen bad eg inderleg til Herren:

24«Herre vår Gud, frå fyrste stund har du late tenaren din sjå ditt velde og di sterke hand. Kvar finst det ein gud i himmelen eller på jorda som kan gjera slike gjerningar og storverk som du? Sal 86,8; 89,7

25Lat meg få koma over og sjå det gode landet på hi sida av Jordan, dette fagre fjell-landet og Libanon!»

26Men Herren var harm på meg for dykkar skuld og ville ikkje høyra på meg. «Det er nok,» sa han. «Tal ikkje til meg om dette meir! 4 Mos 20,12; 27,13f; 5 Mos 1,37

27Gå opp på toppen av Pisga-fjellet og vend augo dine mot vest og nord og sør og aust og sjå deg ikring! For du skal aldri koma over Jordan. 31,1.4

28Gjev oppdraget til Josva og gjer han djerv og sterk! For han skal føra dette folket over og hjelpa dei til å vinna det landet som du no får sjå.» 31,7; Jos 1,6

29Så gav vi oss til der i dalen, midt for Bet-Peor.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help