1Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2Høyr mi røyst når eg klagar, Gud,
vern mitt liv mot skræmande fiendar!
3Gøym meg for dei vonde som legg planar mot meg,
for den bråkande hopen av ugjerningsmenn.
4Dei kvesser si tunge som eit sverd
og siktar på skuldfri mann
med beiske ord som piler;
5dei vil skyta han i løynd.
Brått skyt dei han og reddast ikkje.
6Fast er dei rådde på sin udåd.
Dei talar om å setja løynde feller
og seier: «Kven kan vel sjå dei?»
7Dei tenkjer berre på vondskap:
«Vi er budde, planen er uttenkt.»
Uransakande er mennesket i hjarta og hug.
8Då skyt Gud ei pil imot dei,
brått vert dei råka.
9Deira eiga tunge har ført dei til fall.
Alle som ser dei, rister på hovudet.
10Alle menneske vert forfærde.
Dei fortel om Guds gjerning
og skjønar det verket han gjer.
11Den rettferdige gleder seg i Herren
og søkjer livd hjå han.
Alle ærlege av hjarta prisar seg lukkelege.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.