2. Samuelsbok 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Drapet på Isjbosjet

1Då son til Saul fekk høyra at Abner hadde mist livet i Hebron, seig han reint i hop, og heile Israel var avskræmt.

2No hadde Sauls-sonen to menn som var hovdingar for herjeflokkar. Den eine heitte Ba'ana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Be'erot og høyrde Benjamins-ætta til. For Be'erot vart òg rekna til Benjamin.

5Sønene til Rimmon frå Be'erot, Rekab og Ba'ana, tok ut og kom til huset åt Isjbosjet midt på heitaste dagen, medan han låg og kvilte middag.

6Den kvinna som vakta huset, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde vorte trøytt og sovna, så Rekab og Ba'ana, bror hans, slapp usedde framom.

7Dei kom inn i huset medan han låg på senga i soveromet sitt, slo han i hel og hogg hovudet av han. Det tok dei med seg, og så gjekk dei heile natta gjennom Jordan-dalen.

8Dei kom til David i Hebron med hovudet åt Isjbosjet og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet åt Isjbosjet, son til Saul, han som var fienden din og stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og ætta hans, herre konge.»

9Men David svara Rekab og Ba'ana, bror hans, sønene til Rimmon frå Be'erot: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:

10Den mannen som kom til meg med melding om at Saul var død, meinte sjølv at han kom med gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag; det var den løna eg gav han for gledebodet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help