Esekiel 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Du menneske, ta eit kvast sverd, bruk det til rakekniv på deg, og far over hovudet og skjegget med det! Ta så ei skålvekt og del både hår og skjegg!

2Ein tredjepart skal du brenna midt i byen, når kringsetjingsdagane er over; ein tredjepart skal du ta og hogga opp med sverdet rundt ikring byen, og ein tredjepart skal du spreia for vinden. Med drege sverd vil eg setja etter dei.

11Difor, så sant eg lever, lyder ordet frå Herren Gud, fordi du har gjort heilagdomen min urein med alle dei ufyselege gudane dine og all styggedomen din, skal eg sanneleg hogga deg ned. Eg vil ikkje visa medkjensle eller skånsel.

12Ein tredjepart av dykk skal døy av pest eller gå til av svolt i byen, ein tredjepart skal falla for sverd rundt ikring han, og ein tredjepart vil eg spreia for alle vindar og forfylgja med drege sverd.

13Min vreide skal få fritt løp. Eg vil stilla min harme på dei og ta hemn. Då skal dei sanna at eg, Herren, har tala i min brennhug, når eg lèt all min harme gå ut over dei.

14Eg gjer deg til ein grushaug, til spott for folka som bur ikring deg, så alle som fer framom, kan sjå det.

16Då sender eg inn imellom dykk dei vonde hungerspilene som er etla til å tyna. Eg sender dei for å tyna dykk. Eg lèt hungeren verta hard og bryt sund brødstaven for dykk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help