1Då sa Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og få tak i sju oksar og sju verar til meg!»
2Balak gjorde som Bileam sa, og dei ofra ein okse og ein ver på kvart altar.
3Så sa Bileam til Balak: «Stå her attmed brennoffera dine medan eg går bort ei stund. Kanskje Herren kjem til møtes med meg. Og det han lèt meg sjå, skal eg kunngjera deg.» Så gjekk han opp på ei snau høgd.
Bileam-kvadet4Der kom Gud til møtes med Bileam, og Bileam sa til han: «No har eg stelt til sju altar, og på kvart altar har eg ofra ein okse og ein ver.»
5Då la Herren eit ord i munnen på Bileam og sa: «Gå attende til Balak og tal det eg har sagt.»
6Då han kom attende, såg han at Balak stod bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar.
7Så tok han til å kveda:
Frå austerfjell, frå Aram,
har Balak, Moabs konge, henta meg:
«Kom og lys forbanning over Jakob,
kom og tal vondt mot Israel!»
8Korleis kan eg forbanna den
som Gud ikkje har forbanna?
Korleis kan eg vera harm på den
som Herren ikkje er harm på?
9Eg ser dei frå den høgste nut
og skodar dei frå høgdene.
Det er eit folk som bur for seg sjølv
og ikkje reknar seg som andre folkeslag.
10Kven kan telja Jakob, tallaus som støvkorn,
kven kjenner talet på Israels støvsky?
Gjev eg fekk døy som dei rettvise døyr,
og til sist fekk ein lagnad som dei!
11Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer? Eg henta deg for at du skulle forbanna fiendane mine, og så velsignar du dei i staden!»
12Bileam svara: «Eg må ta meg i vare så eg ikkje talar anna enn det Herren legg meg i munnen.»
20Eg fekk bod om å velsigna;
velsignar han, kan ikkje eg gjera det om.
21Eg ser ingen vondskap i Jakob,
inga ulukke i Israel.
Herren deira Gud er med dei,
dei hyllar han som konge.
22Gud førte dei ut or Egypt,
og dei har styrke som ein villokse.
23Det finst ingen som driv med spådom i Jakob,
ingen som tek varsel i Israel.
I rette tid vert det sagt til Jakob,
til Israel kva Gud vil gjera.
24Sjå, folket reiser seg som ei løve,
som ei løvinne fer det opp!
Det legg seg ikkje til ro
før det har metta seg med rov
og drukke blodet av dei det drap.
25Då sa Balak til Bileam: «Kan du ikkje forbanna dei, må du iallfall ikkje velsigna dei!»
26Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg berre kan gjera som Herren seier?» 22,38
27Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud ikkje har noko imot at du forbannar folket derifrå.»
28Så tok han Bileam med seg opp på toppen av Peor-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet.
29Då sa Bileam til han: «Bygg sju altar for meg her, og få tak i sju oksar og sju verar til meg!»
30Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein okse og ein ver på kvart altar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.