Salmane 41 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Du lèt meg stå for ditt åsyn

1Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2Sæl er den som har omsut

for dei hjelpelause;

på ulukkedagen friar Herren han ut.

3Herren vernar han og held han i live,

folket i landet prisar han lukkeleg.

Du gjev han ikkje over til grådige fiendar.

4Herren er hans støtte på sjukesenga;

du skaper om hans lege når han er sjuk.

5Eg seier: «Herre, ver meg nådig;

læk meg, for eg har synda mot deg!»

6Mine fiendar talar vondt imot meg:

«Når skal han døy og hans namn gå til grunne?»

7Og kjem det ein og ser til meg,

talar han falske ord.

Hans hjarta samlar på det som er vondt,

og så går han ut og snakkar om det.

8Alle som har lagt meg for hat,

kviskrar saman om meg,

dei legg vonde planar mot meg:

9«Noko uhyggjeleg har hendt han;

no ligg han der og står aldri meir opp.»

10Jamvel venen min som eg leit på,

han som åt ved mitt bord,

lyfter hælen mot meg.

11Men, Herre, ver du meg nådig,

hjelp meg opp, så eg kan gje dei att.

12Min fiende får ikkje triumfera over meg;

difor veit eg at du har meg kjær.

13Ja, du held meg oppe,

for eg er heil i mi ferd;

du lèt meg alltid stå for ditt åsyn.

*

14Lova vere Herren, Israels Gud,

frå æve til æve! Amen, amen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help