1Til korleiaren. Etter Jedutun.
Ein Asaf-salme.
2Eg ropar til Gud,
ja, eg ropar til Gud, og han høyrer meg.
3Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren.
Om natta retter eg ut mi hand,
og ho trøytnar ikkje.
Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.
4Eg tenkjer på Gud og sukkar;
eg gruvlar og kjenner meg kraftlaus. Sela
5Heile natta held du meg vaken;
eg er så uroleg, eg kan ikkje tala.
6Eg tenkjer på gamle dagar
og minnest framfarne år.
7Om natta strevar eg med tankar,
eg gruvlar, mi ånd granskar.
8Vil Herren støyta oss bort for alltid
og aldri visa sin godvilje meir?
9Er hans truskap for evig slutt,
har ordet hans stilna for alle ætter?
10Kan Gud ha gløymt å vera nådig,
er han vreid og held att si miskunn? Sela
11Eg seier: «Det piner meg
at Den Høgste har drege til seg si hand.»
12Eg minnest Herrens gjerningar,
minnest dei under du gjorde før.
13Eg tenkjer på kvar dåd du gjorde,
og grundar på dine storverk.
14Gud, i heilagdom går du fram.
Kvar er ein gud så stor som Herren?
15Du er den Gud som gjer under,
mellom folka har du synt di kraft.
16Med velde løyste du ut ditt folk,
sønene åt Jakob og Josef.
17Vatnet såg deg, Gud;
vatnet såg deg og skalv,
ja, havdjupet skalv av redsle.
18Regnet strøymde frå skyene,
tora dunde frå skykledd himmel,
og lyna fór av stad som piler.
19Du lét tora rulla som vognhjul,
lyna lyste opp jordkrinsen;
jorda riste og skalv.
20Din veg gjekk midt gjennom sjøen,
din stig gjennom veldig vatn;
men ingen kjende dine fotspor.
21Du førte ditt folk som ei hjord
ved handa åt Moses og Aron.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.