Jeremia 26 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Tempeltalen

1Kort tid etter at Jojakim, son til Josjia, hadde vorte konge i Juda, kom dette ordet frå Herren:

2Så seier Herren: Stig fram i føregarden til Herrens hus og tal til folket frå alle Juda-byane, som kjem dit og tilbed! Ber fram alt det eg byd deg å tala til dei, og hald ikkje att eit einaste ord!

12Då sa Jeremia til alle hovdingane og til alt folket: «Herren har sendt meg til å spå mot dette huset og denne byen alt det som de har høyrt.

13No må de la dykkar åtferd og gjerningar betrast og lyda Herren dykkar Gud. Så vil Herren endra sin plan og spara dykk for den ulukka han har truga dykk med.

16Då sa hovdingane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen er ikkje skuldig til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.»

17Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla:

18«Mika frå Moresjet, som var profet på den tid Hiskia var konge i Juda, sa til heile Juda-folket: Så seier Herren, Allhærs Gud:

Sion skal pløyast som ein åker,

Jerusalem skal verta ei steinrøys

og tempelberget ein skogkledd ås.

19Men tok Juda-kongen Hiskia og heile Juda-folket og drap han for det? Nei, kongen hadde age for Herren og bad han om nåde. Då endra Herren sin plan og sparte dei for den ulukka han hadde truga dei med. Skal då vi føra så stor ei ulukke over oss sjølve?»

20Det var ein annan mann òg som tala profetord i Herrens namn, Uria Sjemajason frå Kirjat-Jearim. Han spådde mot denne byen og dette landet på same måten som Jeremia.

21Då kong Jojakim og alle krigarane og hovdingane hans høyrde det han sa, ville kongen drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt.

22Då sende Jojakim nokre menn til Egypt, Elnatan Akborsson og nokre andre saman med han.

23Dei tok Uria med seg frå Egypt og førte han til kong Jojakim, som lét han hogga ned med sverd. Og liket hans vart kasta mellom gravene til småkårsfolk.

24Men Ahikam Sjafansson heldt si hand over Jeremia, så han ikkje kom i hendene på folket og vart drepen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help