Salmane 98 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Bryt ut i jubel og lovsong!

1Ein salme.

Syng ein ny song for Herren,

for han har gjort under!

Hans høgre hand har gjeve han siger,

hans heilage arm har hjelpt han.

2Herren har gjort si frelse kjend,

har vist si rettferd for folkeslag.

3Han kjem i hug si miskunn

og sin truskap mot Israels ætt.

Alle folk på jord har sett

frelsa frå vår Gud.

4Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda!

Bryt ut i jubel og lovsong!

5Syng og spel på lyre for Herren,

spel på lyre, medan songen ljomar!

6Lat hyllingsrop lyda for kongen, Herren,

til klangen av trompetar og horn!

7Havet og alt som er i det, skal brusa,

jorda og dei som der bur.

8Elvane skal klappa i hendene,

og fjella skal jubla i kor.

9Dei skal jubla for Herren,

for han kjem og vil døma jorda.

Han skal døma verda med rettferd

og folka med rettvise.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help