1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:
2Stig fram i porten til Herrens hus og rop ut denne bodskapen: Høyr Herrens ord, alle de judearar som går inn gjennom desse portane for å bøya dykk og tilbe Herren.
12Gå berre til den heilage staden min i Sjilo, der eg lét namnet mitt bu i den fyrste tid, og sjå kva eg gjorde med han på grunn av vondskapen hjå folket mitt, Israel. Falsk og sann gudsdyrking
16Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klage eller bøn for det. Prøv ikkje å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.
25Alt frå den tid då fedrane dykkar fór ut or Egypt, og heilt til denne dag, har eg gong på gong, seint og tidleg, sendt alle mine tenarar, profetane, til dei.
26Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyra til. Dei var stridlyndte og bar seg verre åt enn fedrane.
32Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då det ikkje lenger skal heita Tofet eller Hinnom-dalen, men Drapsdalen. Og dei skal gravleggja folk i Tofet, fordi det ikkje finst rom andre stader.
33Lika av dette folket skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.