1Til korleiaren. Ein Davids-salme.
Herre, du ransakar meg og kjenner meg.
2Anten eg sit eller står, så veit du det,
langt bortanfrå merkar du mine tankar.
3Anten eg går eller ligg, så ser du det,
du kjenner alle mine vegar.
4Ja, før eg har eit ord på tunga,
veit du det, Herre, fullt og heilt.
5Du kringset meg på alle sider,
du har lagt di hand på meg.
6Det er for underfullt til å skjøna,
det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
7Kvar skal eg fara frå din Ande,
kvar skal eg røma frå ditt åsyn?
8Fer eg opp til himmelen, så er du der,
og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg.
9Tek eg morgonrodens venger på
og slår meg ned der havet endar,
10så fører du meg jamvel der,
di høgre hand, ho held meg fast.
11Og seier eg: «Lat mørkret løyna meg
og ljoset ikring meg verta natt»,
12så er ikkje mørkret for mørkt for deg,
og natta er ljos som dagen,
ja, mørkret er som ljoset.
13For du har skapt mitt indre,
du har vove meg i mors liv.
14Eg takkar deg fordi eg er skapt
på skræmeleg underfull vis.
Underfulle er dine verk,
det veit eg så vel.
15Mine bein var ikkje dulde for deg
då eg vart skapt i løyndom
og forma djupt i jorda.
16Du såg meg då eg var eit foster,
i di bok vart alt skrive opp;
mine dagar fekk si form
før ein einaste av dei var komen.
17Kor høge dine tankar er, Gud,
kor veldig summen av dei!
18Vil eg telja dei, er dei tallause som sand;
kjem eg til endes med det, er eg enno hjå deg.
19Gjev du ville drepa den vonde, Gud,
og la drapsmennene vika frå meg,
20dei som talar svikefullt om deg
og reiser seg mot deg i vondskap.
21Eg hatar dine fiendar, Herre,
har uvilje mot dei som står deg imot.
22Eg hatar dei med eit grenselaust hat
og held dei for mine fiendar.
23Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta,
prøv meg og kjenn mine tankar!
24Sjå om eg er på den vonde vegen,
og lei meg på ævevegen!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.