1I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så:
5No seier Herren, Allhærs Gud:
Legg merke til korleis det går dykk!
6De sår mykje, men haustar lite;
de et, men vert ikkje mette;
de drikk, men sløkkjer ikkje torsten;
de kler dykk, men vert ikkje varme;
og leigekaren får si løn
i ein botnlaus pung.
7Så seier Herren, Allhærs Gud:
Legg merke til korleis det går dykk!
8Far opp i fjellet og henta tømmer!
Bygg templet, så vil eg ha hugnad i det
og visa min herlegdom der, seier Herren.
9De ventar mykje, men sjå, det vert lite.
De får det i hus, men eg blæs det bort.
Kvifor? seier Herren, Allhærs Gud.
Fordi mitt tempel ligg i røys,
medan de har det annsamt
kvar med sitt eige hus.
10Difor held himmelen dogga att,
og jorda gjev ikkje grøde.
11Eg har kalla turk
over jord og fjell,
over korn og vin og olje,
over alt som gror på marka,
ja, over folk og fe
og over alt arbeid som vert gjort.
12Serubabel Sjealtielsson og Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på det Herren deira Gud tala, på orda åt profeten Haggai, fordi Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket hadde age for Herren.
13Med oppdrag frå Herren sa Haggai, Herrens sendebod, til folket: Eg er med dykk, lyder ordet frå Herren.
14Herren vekte slik iver hjå Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og hjå Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og hjå alle som var att av folket, at dei kom og arbeidde på huset åt sin Gud, Herren, Allhærs Gud.
15Det var den 24. dagen i den sjette månaden i det andre styringsåret åt kong Dareios.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.