Galatarane 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Paulus vert godteken av dei andre apostlane

1Fjorten år etter drog eg atter opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg. Både jødar og heidningar vert rettferdige ved tru

11Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han.

12Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne. Apg 11,2f

13På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira.

14Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» 1 Tim 5,20

15Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt.

16Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud. Sal 143,2; Rom 3,20.28; 4,5; Gal 3,11

17Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå!

18Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar.

19Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; Rom 7,1ff

20eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. Joh 15,13; Rom 6,3f; Gal 5,24; Fil 1,21; 1 Joh 3,16

21Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help