2. Samuelsbok 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Absalom vert drepen

1David mønstra folket som var med han, og sette hovdingar over dei, nokre over tusen og nokre over hundre mann.

2Så sende han dei av stad, ein tredjepart under Joab, ein tredjepart under Abisjai, son til Seruja og bror til Joab, og ein tredjepart under Ittai frå Gat. Kongen sa til mennene: «Eg vil dra ut i striden saman med dykk.»

3Men dei svara: «Du skal ikkje dra ut. For om vi rømer, er det ingen som bryr seg om det, og om halvparten av oss fell, så ansar ingen det. Men du er jamgod med ti tusen av oss. Difor er det betre at du held deg i byen og kjem derifrå og hjelper oss.» David får melding om Absaloms død

19Akima'as Sadoksson sa til Joab: «Lat meg få springa til kongen med den gode bodskapen at Herren har hjelpt han til hans rett og fria han frå fiendane.»

20Men Joab svara: «Nei, i dag kan du ikkje bera gledebod. Ein annan gong kan du gå med gledebod, men ikkje i dag; for son til kongen er død.»

21Så sa Joab til nubiaren: «Gå og fortel kongen det du har sett!» Nubiaren bøygde seg for Joab og sprang av stad.

22Men Akima'as Sadoksson tok til ords att og sa til Joab: «Det får gå som det vil, men lat meg få springa av stad etter nubiaren!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko gledebod som du kan venta løn for.»

23Han sa: «Det får gå som det vil; eg spring av stad.» «Så spring då!» sa Joab. Så sprang Akima'as den vegen som går over Jordan-sletta og kom føre nubiaren.

24Imedan sat David i portromet, og vaktmannen gjekk att og fram oppe på port-taket. Då han kom bort til muren og såg utover, fekk han auga på ein mann som kom springande åleine.

25Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Då sa kongen: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare.

26Brått fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.»

27Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den fyrste spring så likt Akima'as Sadoksson.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.»

28Akima'as ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Lova vere Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.»

29Kongen spurde: «Står det bra til med Absalom, guten min?» Akima'as svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.»

30Kongen sa: «Gå til sides og venta der!» Så gjekk han til sides og vart ståande.

31Med det same kom nubiaren og sa: «Her er ein god bodskap, herre konge! I dag har Herren hjelpt deg til din rett og fria deg frå alle dei som hadde reist seg mot deg.»

32Kongen spurde: «Står det bra til med Absalom, guten min?» Nubiaren svara: «Herre konge, gjev det må gå fiendane dine og alle som reiser seg mot deg og vil skada deg, som det gjekk guten!»

33Då vart kongen så ille ved at han skalv. Han gjekk opp i romet over porten og gret. Og alt medan han gjekk, ropa han: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min! Gjev eg hadde døytt i din stad! Absalom, son min, son min!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help