1Den dagen skal Herren med sitt sverd,
det harde og store og sterke,
straffa Leviatan,
ormen som rømer så raskt,
Leviatan, ormen som buktar seg fram.
Han skal drepa draken som er i havet. Herren vaktar vingarden sin
2Den dagen skal dei seia:
Syng om den herlege vingarden!
3Det er eg, Herren, som vaktar han
og vatnar han til kvar tid.
Eg vaktar han dag og natt,
så ingen skal skada han.
4Eg er ikkje lenger harm.
Men finn eg torn og tistel,
då går eg til strid imot dei
og brenner opp alt i hop,
5– om dei då ikkje søkjer vern hjå meg,
og gjer fred,
ja, gjer fred med meg.
Israels frelse og fiendens straff6I dagar som kjem skal Jakob røta seg,
Israel skal veksa og bløma
og fylla heile verda med frukt.
7Har vel Herren slege Israel
som han slo dei som slo hans folk?
Eller har Israel vorte drepe
som drapsmennene åt folket vart drepne?
8Du tukta folket
då du skræmde det opp og jaga det bort.
Herren støytte det frå seg
med sin sterke pust
den dagen det storma frå aust.
9Men såleis skal Jakobs skuld sonast,
og dette er frukta
når hans synd vert bortteken:
Alle altarsteinane skal han knusa,
som når kalkstein vert knust.
Asjera-pålane og røykjelsesaltara
skal ikkje verta ståande.
10Einsam ligg festningsbyen,
ein folketom bustad, aud som øydemarka.
Der går kalvar og beiter,
dei roar seg der og et kvar kvist.
11Når greinene turkar, bryt ein dei av,
kvinner kjem og nører opp eld med dei.
For dette er eit uvitug folk.
Difor syner skaparen dei inga medkjensle,
han som laga dei, er dei ikkje nådig.
Israels samling12Den dagen skal Herren slå fruktene ned
frå den strøymande Storelv til Egyptarbekken,
og de, Israels søner,
skal samlast inn, ein for ein.
13Den dagen skal dei blåsa i eit stort horn.
Då kjem dei bortkomne i Assyria heim att
og dei som er spreidde i Egypt.
Og dei skal tilbe Herren
på det heilage fjellet i Jerusalem.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.