1Lat kjærleiken til brørne haldast levande!
4Ekteskapet skal haldast i ære av alle, og samlivet må ikkje skitnast til. For Gud vil døma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.
Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd.
Kva kan eit menneske gjera meg?
Leiarane i kyrkjelyden og den rette læra7Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på korleis dei levde og døydde, og ta deira tru til føredøme!
8Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.
9Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, for dei som held seg til dette, har ikkje hatt noko gagn av det.
13Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære.
14For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma.
17Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles vert det ikkje til gagn for dykk.Ynske og helsingar
18Bed for oss! For vi veit at vi har eit godt samvit; vi vil då gjerne ferdast rett på alle måtar.
20Fredens Gud, han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde i kraft av ei evig pakts blod,
22Eg bed dykk, brør, ta vel imot desse orda som skal vera ei rettleiing for dykk. Eg måtte skriva så kort til dykk.
23De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg vitja dykk saman med han.
24Helsa alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Brørne frå Italia sender si helsing.
25Nåden vere med dykk alle!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.