Salmane 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei to vegane

1Sæl er den som ikkje fylgjer

råd frå gudlause menneske

og ikkje slår inn på syndarveg

eller sit i lag med spottarar,

2men har si glede i Herrens lov

og grundar på hans lov dag og natt.

3Han er lik eit tre,

planta ved rennande bekker:

Det gjev si frukt i rette tid,

og lauvet visnar ikkje på det.

Alt det han gjer, skal lukkast.

4Så er det ikkje med dei gudlause.

Dei er lik agner som spreiest for vinden.

5Difor skal ingen gudlaus

stå seg når domen fell,

og ingen syndar vera med

der dei rettferdige samlast.

6For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige,

men vegen åt dei gudlause

fører til undergang.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help