1Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistarane, før farao slo Gasa.
2Så seier Herren:
Sjå, vatnet stig frå nord
og vert til ei fløymande elv;
ho renn ut over landet og alt som i det er,
byane og dei som der bur.
Menneska klagar og skrik,
alle som bur i landet, jamrar
3når dei høyrer hovslag av sterke hestar,
vogner som ramlar og hjul som dundrar.
Fedrane ser ikkje etter borna,
hendene deira er som lame.
4For dagen er komen
då filistarane skal gå heilt til grunne.
I Tyrus og Sidon vert dei utrudde alle
som slapp unna og kunne hjelpa.
For Herren gjer ende på filistarane,
dei som er att av folket frå Kaftor-øya.
5Gasa er raka snau,
Asjkalon har tagna.
Du som er att nedi låglandet,
kor lenge vil du rispa deg opp?
6Å, du Herrens sverd,
kor lenge skal det vara
før du fell til ro?
Dra deg inn att i slira,
og hald deg still og roleg!
7Korleis kan det falla til ro?
Herren har då kalla det ut,
sendt det til Asjkalon og til havsens strand.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.