1Til korleiaren. Etter Gittit.
Ein Davids-salme.
2Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn
er over all jorda,
du som har breitt ut din prydnad på himmelen!
3Av munnen på småborn og spedborn
har du reist deg eit vern mot dine fiendar,
så du kan stagga kvar motstandar
som trår etter hemn.
4Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
5kva er då eit menneske, sidan du kjem det i hug,
eit menneskebarn, sidan du tek deg av det?
6Du gjorde han lite ringare enn Gud,
med ære og herlegdom krona du han.
7Du sette han til herre over dine henders verk,
alt la du under hans føter:
8sauer og oksar, alle i hop,
ja, jamvel dei ville dyr på marka,
9fuglen i lufta og fisken i sjøen,
alt som ferdast på havsens stigar.
10Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn
er over all jorda!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.