4. Mosebok 32 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Rubens- og Gads-ætta får land austanfor Jordan

1Rubens-sønene og Gads-sønene hadde ei stor mengd med fe. Då dei såg dei gode beitemarkene i Jaser og Gilead-landet,

2kom dei til Moses og presten Elasar og til hovdingane i folket og sa:

3«Atarot, Dibon, Jaser, Nimra, Hesjbon, El'ale, Sebam, Nebo og Beon,

13Så brennande harm vart Herren på israelittane at han lét dei flakka ikring i øydemarka i førti år, til han var borte, heile den ættleden som hadde gjort det som vondt var i Herrens augo.

14Og no vil de fara fram som fedrane dykkar, de avkom av syndige menn, og gjera Herrens brennande vreide mot Israel endå større!

15For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i øydemarka, og de fører ulukke over heile folket.»

16Då gjekk Rubens-sønene og Gads-sønene fram til Moses og sa: «Vi vil berre laga kveer for feet vårt her og byggja byar for kvinnene og borna våre.

17Men sjølve vil vi væpna oss så snøgt vi kan, og fara føre dei andre israelittane, til vi får ført dei dit dei skal. Men kvinnene og borna våre skal sitja att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet. Jos 4,12.13

18Vi skal ikkje venda heim att før dei andre israelittane har fått kvar sin eigedom.

19For vi vil ikkje ta land saman med dei på hi sida av Jordan og lenger borte når vi får vår odelsjord her på austsida av Jordan.»

20Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de bur dykk til strid for Herren, Jos 1,13ff

21og alle våpenføre menn mellom dykk fer over Jordan for Herren, til han har drive fiendane sine bort,

22og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom for Herrens åsyn.

23Men gjer de ikkje dette, då syndar de mot Herren, og de skal få kjenna at synda finn dykk att.

24Bygg no byar for kvinnene og borna dykkar, og lag kveer for småfeet, men gjer òg det som de har lova!»

25Då sa Gads-sønene og Rubenssønene til Moses: «Tenarane dine skal gjera som du har sagt, herre.

26Kvinnene og borna våre og feet vårt, heile buskapen, skal vera her i byane i Gilead.

27Men vi, tenarane dine, alle som er budde til strid, skal gå over Jordan og kjempa for Herren, som du har sagt, herre.»

28Så tala Moses om dei til presten Elasar, til Josva Nunsson og til ættehovdingane i Israel.

29Han sa til dei: «Dersom Gads-sønene og Rubens-sønene, alle som er budde til strid, går over Jordan saman med dykk og kjempar for Herren, og landet vert teke, då skal de la dei få Gilead-landet til odel og eige.

30Men dersom dei våpenføre mennene dykkar ikkje går over saman med dykk, skal dei liksom de få eigedom i Kanaan.»

31Gads-sønene og Rubens-sønene tok til ords og sa: «Det Herren har sagt til tenarane dine, det skal vi gjera.

32Væpna vil vi fara over til Kanaan og strida for Herren. Men odelsjorda vår skal vera på denne sida av Jordan.»

33Så lét Moses Gads-sønene, Rubens-sønene og halvparten av ætta etter Manasse, son til Josef, få dei rika som hadde tilhøyrt amorittkongen Sihon og kong Og i Basan. Dei fekk både landet og byane og dei markene som låg kring byane. 5 Mos 3,12ff; Jos 13,7.8

34Gads-sønene bygde opp att Dibon, Atarot, Aroer,

35Atrot-Sjofan, Jaser, Jogbeha,

36Bet-Nimra og Bet-Haran, festningsbyar med kveer for småfeet.

37Og Rubens-sønene bygde opp att Hesjbon, El'ale, Kirjatajim,

38Nebo, Ba'al-Meon og Sibma. Men namna vart endra; dei gav nye namn til byane dei bygde.

39Etterkomarane etter Makir, son til Manasse, fór til Gilead, tok landet og dreiv bort amorittane som budde der. 1 Mos 50,23

40Og Moses gav Makir, son til Manasse, Gilead-landet, og han busette seg der.

41Ja'ir, son til Manasse, fór av stad og tok teltbyane der. Og han kalla dei Ja'irs teltbyar. Dom 10,4; 1 Krøn 2,21.22

42Nobah fór òg av stad og tok Kenat og småbyane der ikring. Han kalla byen Nobah, etter seg sjølv.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help