Salmane 22 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?

1Til korleiaren. Etter «Morgonrodens hind». Ein Davids-salme.

2Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?

Kvifor er du så langt borte frå meg?

Kvifor hjelper du ikkje

når eg klagar mi naud?

3Eg ropar om dagen, Gud – du svarar meg ikkje,

og om natta, men eg finn ikkje ro.

4Og du er då heilag,

du som tronar over Israels lovsongar.

5Til deg sette fedrane våre si lit,

dei leit på deg, og du fria dei ut.

6Dei ropa til deg og vart berga,

dei leit på deg og vart ikkje vonbrotne.

7Men eg er ein makk og ikkje ein mann,

spotta av menneske, vanvørd av folk.

8Alle som ser meg, held meg for narr,

rengjer munnen og rister på hovudet:

9«Han har lagt si sak i Herrens hand.

No får han fria han ut og berga han,

han har då mannen kjær!»

10Ja, du drog meg fram frå mors liv

og la meg trygt ved hennar bryst.

11Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,

frå mors liv er du min Gud.

12Så gå ikkje frå meg, for nauda er nær,

og det finst ingen som hjelper.

13Sterke oksar kringset meg,

Basan-stutar flokkar seg rundt meg.

14Dei spilar opp gapet mot meg

som rovgriske, brølande løver.

15Mi kraft er uttømd liksom vatn,

alle mine bein har losna.

Mitt hjarta er som voks,

det har smelta i mitt bryst.

16Min strupe er turr som eit krusbrot,

og tunga klistrar seg til ganen.

Du legg meg i dødens støv.

17Ja, hundar samlar seg om meg,

ein flokk av valdsmenn kringset meg;

dei gjennomborar mine hender og føter.

18Kvart bein i min kropp kan eg telja,

folk stirer på meg med skadefryd.

19Dei skifter kleda mine mellom seg

og kastar lodd om kappa mi.

20Men, Herre, ver ikkje langt ifrå meg,

skunda deg og hjelp meg, du min styrke!

21Berga mitt liv frå sverdet,

det beste eg har, frå hundevald!

22Frels meg frå løvegap

og frå villoksehorn!

Du bønhøyrer meg.

23Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,

midt i lyden vil eg lova deg.

24«Pris Herren, de som har age for han,

gjev han ære, all Jakobs ætt!

Ja, skjelv for han, all Israels ætt!

25For han har ikkje vanvørdt ein stakkar

eller vendt seg frå han når han var i naud.

Han løynde ikkje sitt åsyn for han,

men høyrde han då han ropa.»

26Frå deg kjem min lovsong

i den store lyden.

Eg vil halda mine lovnader

mellom dei som har age for deg.

27Dei hjelpelause skal eta seg mette,

dei som søkjer Herren, skal prisa han.

Gjev hjarta deira alltid må leva!

28I alle land skal dei minnast dette

og venda om til Herren;

ja, alle folk og ætter

skal bøya seg og tilbe han.

29For kongeveldet høyrer Herren til,

han rår over folkeslaga.

30Ja, alle dei mektige på jord

skal bøya seg og tilbe han;

alle som steig ned i molda,

skal bøya kne for han.

Eg vil leva for Herren,

31og mi ætt skal tena han

og vitna om han for ætter som kjem.

32Til nye ættleder skal dei fortelja

at han greip inn til frelse.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help