Hosea 13 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ulukka kjem som eit Herrens ver

1Når Efraim tala, vart alle redde,

han stod høgt i Israel.

Men han dyrka Ba'al;

såleis førte han skuld over seg og døydde.

2Og no held dei fram med å synda.

Dei lagar støypte bilete av sitt sølv

og avgudar etter sitt eige hovud

– alt er det gjort av handverkarar.

Folk seier om dei:

«Dei som ofrar menneske, kysser kalvar.»

3Difor skal dei verta som ei morgonsky,

lik dogg som tidleg kverv,

lik agner som blæs bort frå treskjevollen,

lik røyk som stig opp gjennom ljoren.

4Eg er Herren din Gud,

heilt frå du var i Egypt.

Du kjenner ingen annan Gud enn meg,

forutan meg finst det ingen frelsar.

5Eg tok meg av deg i øydemarka,

i det heite og turre landet.

6Beitet var godt, og dei åt seg mette.

Då dei var mette, vart dei store og stolte,

difor gløymde dei meg.

7Eg vil vera mot dei som ei løve,

lik leoparden som lurer ved vegen.

8Eg vil koma over dei som ei binne

som dei har teke ungane frå,

og riva sund deira bryst.

Eg vil eta dei opp som ei løve,

villdyra i marka skal slita dei sund.

9Når ulukka kjem, Israel,

kven skal hjelpa deg då?

10Kvar er då din konge

som kan berga deg i alle dine byar,

og kvar er dine styresmenn?

Du har då sagt:

«Gjev meg konge og hovdingar!»

11Eg gjev deg ein konge i min vreide,

og i min harme tek eg han bort.

12Efraims misgjerning er oppsamla,

hans synd er gøymd.

13Riene kjem, han skal fødast,

men han er ein uvitug son.

Når tida er ute, kjem han ikkje

fram frå mors liv.

14Or helheims vald vil eg fria dei,

frå døden vil eg løysa dei ut.

Død, kvar er din pest?

Dødsrike, kvar er di sott?

Medkjensle veit eg ikkje av.

15Ja, han skil brør frå kvarandre.

Det kjem ein austavind, eit Herrens ver,

farande opp frå øydemarka.

Då vert brunnen tom og kjelda turr.

Skattkammeret vert plyndra

for alle dyre eigneluter.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help