1Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum.
2Ein offiser der i byen hadde ein tenar som var så sjuk at det stod om livet. Denne tenaren sette han svært høgt.
3Då han fekk høyra om Jesus, sende han nokre jødar som sat i byrådet, til han; dei skulle be han koma og berga livet åt tenaren.
4Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han er vel verd at du gjer dette for han;
5for han er glad i folket vårt, og det er han som har bygt synagoga vår.»
6Og Jesus gjekk med dei.
Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er for ring til at du stig inn under mitt tak;
7difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att!
8For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.»
9Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.»
10Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.
Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain11Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.
12Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.
13Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!»
14Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: «Unge mann, eg seier deg: Stå opp!»
Sjå, eg sender min bodberar
føre deg,
han skal rydja vegen for deg.
28Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men jamvel den minste i Guds rike er større enn han.
48Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.