1Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari.
16Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari.
17Sønene til Gersjom heitte Libni og Sjimi.
62Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk tretten byar frå Jissakars-ætta, Asjers-ætta, Naftali-ætta og Manasse-ætta i Basan.
63Merari-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Rubens-ætta, Gads-ætta og Sebulons-ætta.
64Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane levittane.
65Dei kasta lodd om desse byane i Juda, Simeon og Benjamin, som dei nemnde med namn, og gav dei til levittane.
66Dei andre Kehat-ættene fekk desse byane av Efraims-ætta: Jos 21,20–39
67fristadene Sikem i Efraims-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker,
68Jokmeam og Bet-Horon med beitemarker,
69Ajjalon og Gat-Rimmon med beitemarker,
70og av den eine halvparten av Manasse-ætta Aner og Bileam med dei beitemarkene som høyrde til. Dette var det den andre Kehat-ætta fekk.
71Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk av den andre halvparten av Manasse-ætta Golan i Basan og Asjtarot med beitemarker;
72av Jissakars-ætta Kedesj og Daberat med beitemarker,
73Ramot og Anem med beitemarker;
74av Asjers-ætta Masjal og Abdon med beitemarker,
75Hukok og Rehob med beitemarker;
76og av Naftali-ætta Kedesj i Galilea, Hammon og Kirjatajim med beitemarker.
77Merari-sønene, dei andre levittane, fekk av Sebulons-ætta Rimmon og Tabor med beitemarker;
78og på austsida av Jordan, midt for Jeriko, fekk dei av Rubens-ætta Beser i øydemarka og Jahsa med beitemarker,
79Kedemot og Mefa'at med beitemarker,
80og av Gads-ætta Ramot i Gilead og Mahanajim
81og Hesjbon og Jaser, alle med beitemarker attåt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.