1Ein mann av Levi-ætta gjekk stad og gifte seg med ei jente av same ætta. Moses rømer til Midjan
11Ei tid etter, då Moses var vaksen vorten, gjekk han ein gong ut til frendane sine og såg korleis dei træla og sleit. Der fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebrear, ein av frendane hans.
12Moses såg seg vel ikring, og då han ikkje vart var nokon, slo han egyptaren i hel og grov han ned i sanden.
13Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som heldt på og slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du landsmannen din?»
14Mannen svara: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss? Tenkjer du kanskje å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er det kjent likevel!»
15Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få drepe Moses. Men han rømde for kongen og slo seg ned i Midjan. Der heldt han til attmed ein brunn.
16Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og auste opp vatn og fylte trørne, så småfeet åt faren fekk drikka.
17Men så kom det nokre gjætarar og jaga dei bort. Då reiste Moses seg og hjelpte dei med å brynna småfeet.
18Då dei kom heim att til Re'uel, far sin, spurde han: «Korleis har det seg at de kjem så tidleg i dag?» Gud kallar Moses
23Så gjekk det ei lang tid, og kongen i Egypt døydde. Israelittane sukka og klaga under trældomen, og naudropa deira steig opp til Gud. 4 Mos 20,16
24Gud høyrde korleis dei sukka, og kom i hug den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob.
25Og Gud såg til israelittane og tok seg av dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.