1Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2Fri meg frå vonde menneske, Herre,
vern meg mot menn som gjer vald!
3Dei har vonde tankar i hjarta
og eggjar dagleg til strid.
4Dei har kvasse tunger som ormar,
under lippene har dei eiter. Sela
5Vakta meg, Herre, for nidings hand,
vern meg mot menn som gjer vald,
og som gjerne vil få meg til å snåva.
6Stolte set dei snarer for meg,
attmed vegen spenner dei tog som garn
og set feller for meg. Sela
7Eg seier til Herren: Du er min Gud,
Herre, høyr mi inderlege bøn!
8Herre Gud, min sterke frelsar,
du vernar mitt hovud på stridens dag.
9Lat ikkje nidingen få det han ynskjer,
lat ikkje hans planar lukkast, Herre! Sela
10Dei som samlar seg kring meg, lyfter hovudet.
Lat det vonde dei talar om, råka dei sjølve!
11Lat det regna gloande kol ned over dei,
lat dei falla i djupe groper,
så dei ikkje kjem opp.
12Dei som talar vondt om andre,
skal ikkje få vera i landet.
Valdsmenn skal jagast av ulukke
og få slag på slag.
13Eg veit at Herren fører saka for dei arme
og hjelper dei fattige til deira rett.
14Ja, dei rettferdige prisar ditt namn,
dei ærlege får bu for ditt åsyn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.